top of page

Lokal transport

Korleis koma seg rundt på Lipari og til dei andre øyene

 

Bil

Offentlig transport

Vitje dei andre øyane

Om du planlegg å ta med eigen bil til øya om sommaren (frå juni til september) har Lipari kommune innført ein regel om at gjestene må vere på øya minimum 7 dagar. Dette er for å begrense bilar på øya. Du må også ha med ei stadfesting på at du bur på Casa Ornella, som du får før avreise frå oss. Denne må vere tilgjengelig i bilen i tilfelle det er kontroll. Utanfor sommeren er det ikkje slike krav. 

​

På øya er det fleire lokale utleigeselskap. Her kan ein leige bil, moped, el-sykkel etc. Om du planlegg å booke dette for fleire dagar bør du gjere det på førehand. 

På Lipari er det lokalbussar ein kan nytte, køyrd av selskapet Urso. Busstasjonen og billettkiosk er i hamna i Lipari by. 

​

Bussen køyrer mellom Quattropani til Pianoconte og deretter hamna i Lipari. Tidtabellen endrer seg etter sesongen. Vanlegvis køyrer bussane frå kl 06:00 til 18:00 eller 19:00. Billettar kan kjøpast på bussen, men ha med småveksel og ikkje store sedlar). Det er inga rute om kveld og natt til Quattropani. 

​

Frå Lipari hamn kan ein halde fram til andre plassar på øya, slik som Canneto, strandene Valle Muria og Spiagge Bianche etc. 

​

Frå Canneto kan ein også ta taxibåt til ulike strender rundt på øya. 

​

I Lipari er det også taxi, heile døgnet. Hovudplassen for taxi er også hamna i Lipari. Dette kan ein også booke på førehand. 

Frå Lipari hamn er det mange avgangar med hydrofoil og ferger til og frå dei andre Eoliske øyene. 

​

I Lipari by er det også fleire selskap som arrangerer organiserte dagsturar til andre øyar, slik som den aktive vulkanen Stromboli, vakre Salina og Panarea eller til Vulcano med sine gjørmebad. 

​

Ein annan fin måte å vitje dei andre øyane eller Lipari er å leige eigen båt. Ein av utleiagarne er Lipari Service, som du finn i hamna Marina Lunga, nær Lipari hamn. 

bottom of page