top of page

Til og frå Lipari 

Korleis kome seg til Lipari 

 

Hamnar for å koma til Lipari

Hovudhamna for å koma til Lipari er Milazzo (på kysten nordaust på Sicilia). 

Frå Milazzo er det mange hydrofoilar om dagen. Seiste avgang er vanlegvis tidleg om kvelden. Selskapet for hydrofoilane heiter Liberty Lines, og turen tek omkring 1 time.

Om du reiser med bil og tar med denne til Lipari (tillatt berre ved opphald på minst 7 dagar om sommaren) er det bilferge frå Milazzo. Vanlegvis er det ei bilferge om morgonen, ein på sein ettermiddag og ein på kvelden. Sjå nettsida til Caronte Tourist for rutetider. Det er to fergeselskap som operer: Siremar og NGI.

Ei anna hamn for å koma til Lipari er frå 

Napoli. Heile året er det ein nattbåt som reiser frå Napoli om kvelden (to eller tre gonger i veka). Ferga kjem til Lipari morgonen etter. Dette er ein flott tur som stoppar på fleire av dei Eoliske øyene og tidtabellen kan ein finne på nettsida til Caronte Tourist (ferga tilhøyrer selskapet Siremar). Returen frå Lipari til Napoli har vanlegvis avreise på ettermiddagen og er også to til tre gonger i veka, avhengig av årstidene. 

Om sommaren er det også ein hydrofoil frå Napoli til Lipari, som tar omlag 5 timar. Selsapet for denne ruta er Snav. 

Om sommaren er det også ei rute med hydrofoil frå Palermo. Selskapet som har denne ruta er Liberty Lines, og turen tar omlag 4 timar. 

Korleis koma seg til hamnane

Hovudflyplassen på Sicilia er Catania Fontanarossa (austkysten av Sicilia). Flyplassen er 110 km frå hamna i Milazzo.

For å komme seg til Milazzo kan ein enten ta ein schuttelbuss direkte til hamna i Milazzo (tur på omlag 2 timar). Bussen køyrast av selskapet Alibrando. 

Dersom ein vil reise med eigen bil kan ein enten leige bil frå flyplassen (både internasjonale og italienske selskap) eller leige bil i Milazzo eller på Lipari. 

Den andre internasjonale flyplassen på Sicilia er Palermo Falcone e Boresellino. Denne flyplassen er 35 km frå hamna i Palermo. For å koma seg til hamna kan ein enten ta ein shuttlehuss eller to til Palermo togstasjon.

 

Om du vil reise frå Palermo til Milazzo (200 km) er tog det enklaste, med mindre du har eigen bil. Reisa frå Palermo togstasjon til Milazzo tek omlag 3 timar. Når du kjem til Milazzo må ein ta taxi eller buss til hamna (Milazzo togstasjon er 4 km frå hamna). 

Frå Milazzo er det direktetog både til Roma og Napoli. Sjå Trenitalia for meir informasjon og tider. 

Hamna i Napoli er enkelt å nå frå flyplassen Naples Capodichino. Det er hyppige avganger med vanleg bybuss, som stoppar både ved sentralstasjonen og ved hamna. Turen tar omlag 35 minutt. 

Hovudflyplassen i Italia er i Roma, Rome Fiumicino Leonardo Da Vinci. Frå Roma kan du ta tog til Napoli eller Milazzo, eller innanlandsfly til Catania eller Palermo. 

Om du reiser med fly og vil til Lipari samme dag, anbefaler me å komme til flyplassen om formiddagen og for returen ha eit fly på ettermiddagen. Slik vil du kunne gjere heile reisa på ein dag. 

PORT OF NAPLES

PORT OF PALERMO

PORT OF MILAZZO

bottom of page